VG: Ligg an til skjenking i midnatt i Oslo

Byrådet i Oslo vil opne for at det blir servert alkohol til midnatt, erfarer VG. Ifølgje kjeldene til avisa blir nesten alle dei lokale koronatiltaka avskaffa.
innenriks

Det formelle vedtaket blir gjort i eit byrådsmøte tysdag, før byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) held ein pressekonferanse, skriv VG.

I dag er det berre lov å servere alkohol til klokka 22 i Oslo. Etter det VG erfarer, blir skjenkjetida flytta til 24 uavhengig av om dei nasjonale tiltaka tillèt at den blir flytta ytterlegare.

Elles skal likevel planen vere at Oslo skal følgje nasjonale reglar heretter.

(©NPK)