Tolv nye smitta på Nord-Jæren

Det siste døgnet er det registrert tolv nye smittetilfelle i kommunane på Nord-Jæren. Flest nye smitta er det i Sola, med seks tilfelle.
innenriks

Éin er nærkontakt, fire er importtilfelle og éin har førebels ukjend smitteveg. Blant importtilfella er éin busett i utlandet, skriv Stavanger Aftenblad.

Sandnes har fire nye smittetilfelle, ein mann og ei kvinne i aldersgruppa 30–40 år, og to kvinner i aldersgruppa 20–30 år. Eit tilfelle er knytt til innreise, éin er nærkontakt og to har ukjend smitteveg.

Stavanger har to nye smittetilfelle, éin med ukjend smitteveg og ein nærkontakt. Begge er i 20-åra.

Det er ingen nye smitta i Randaberg.

I tillegg har Haugesund fire nye smittetilfelle.

(©NPK)