Nytt koronarelatert dødsfall ved Sørlandet sjukehus

Ein koronasmitta pasient som var innlagd på Sørlandet sjukehus Kristiansand, døydde onsdag.
innenriks

Pasienten var under 65 år gammal og hadde underliggjande sjukdom, opplyser sjukehuset i ei pressemelding. Sjukehuset gir ikkje ut fleire opplysningar om pasienten.

Dette er det ellevte koronarelaterte dødsfallet ved Sørlandet sjukehus HF.

(©NPK)