Analytikar ventar skyhøge prisar heile vinteren

Folk må førebu seg på at dei høge straumprisane vil vare heile vinteren, meiner kraftanalytikar Tor Lilleholt. Allereie til veka ventar truleg nye prisrekordar.

Dyrt: Det ligg an til ein vinter med varig høge strømprisar.  Foto: Even Ørjasæter

innenriks

– Prisen til sluttbrukar, då avgifter, moms og alt dette er teke med, kjem i gjennomsnitt til å liggje over to kroner kilowattimen vinteren igjennom. Vi kjem òg til å få veker då prisane vil liggje langt over og under dette, seier kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt til NTB.