Inkassobransjen varslar kø av straumrekningar

Inkassoselskapa trur mange får det knalltøft med å betale dei høge straumrekningane i månadene framover.
innenriks

No førebur bransjen seg på ein straum av inkassosaker over nyttår som følgje av dei høge straumprisane, skriv Dagens Næringsliv.

– Dette vil openbert få utslag i inkassotala. Talet på inkassosaker vil auke, seier Christian Aandalen, kommersiell direktør hos inkassoselskapet Fair Group, etter ei veke med rekordhøge straumprisar.

Senkar forbruket

Men auka sparing under pandemien gjer truleg at folk flest klarer å betale rekningane.

– Eg trur vi vil sjå at dei høge straumprisane gjer at folk flest tenkjer seg meir om før dei bruker pengar på andre ting. Det vil hemme forbruket i samfunnet, men det vil nok samtidig bidra til at fleire klarer å handtere høge straumrekningar. Vi må heller ikkje gløyme at nordmenn etter pandemien har rekordmykje pengar på bok, seier Aandalen.

Det går minst eit par månader frå ei ubetalt rekning har forfalle, til ho går til inkasso. Dermed vil det ikkje vere klart før ut på nyåret om straumprissjokket vil føre til ein større auke i talet på inkassosaker.

Daglege rekordar

I Sør-Noreg har straumen aldri vore dyrare enn no. Rekorden frå søndag – på 1,87 kroner kilowattimen – vart knust måndag. Då var snittprisen gjennom døgnet 2,56 kroner kilowattimen – ekskludert nettleige, avgifter og påslag frå straumselskapet.

Aller dyrast var straumen mellom klokka 17 og 18 måndag, då nettoprisen var over 4 kroner per kilowattime, før nettleige, elavgift, moms og påslag.

Tysdag fell prisane noko tilbake. Snittprisen i Noreg vil tysdag liggje på 1,45 kroner per kilowattime. Det er 90 øre lågare enn måndag, men 1,32 kroner meir enn same dag i fjor.



(©NPK)