Dansk VM-jubel: – Det luktar medaljar, Noreg viser svakheitsteikn

Danmark har erstatta tunge forfall med nye stjerner i VM. Dermed er òg handballfeberen intakt hos danskane. Noreg får eit stikk i Ekstra Bladet.
sport

Etter fire sigrar på fire kampar og solid spel mot ganske enkel motstand, har tittelforsvararen (slo Noreg i 2019-finalen på heimebane) innfridd forventningane og vel så det hittil med eit ganske nykomponert lag.

Den danske avisa Ekstra Bladet og kommentator Jan Jensen er no verkeleg på hogget.

– Dette byrjar å lukte av medaljar. Eg har ikkje sett noko betre lag i VM enn Danmark. Favorittar som Noreg, Frankrike og Kroatia har vist svakheitsteikn. Det same gjeld vertane Egypt, men ikkje Danmark. Det har ikkje vore slinger i valsen.

Derfor var det òg lun stemning på eit dansk pressemøte i Kairo fredag. Danskane bur i sentrum av byen og har òg fysiske intervjumøte med media.

Danmark møter Japan og Kroatia i dei to siste kampane. Siger over japanarane vil sikre dansk kvartfinaleplass før gruppefinalen mot Kroatia måndag.

Noreg kan ikkje møte Danmark før tidlegast i ein eventuell semifinale.

(©NPK)