Spanske medium: Ødegaard går på lån til Arsenal

Martin Ødegaard skal ha bestemt seg for at han ønskjer seg ein utlånsavtale med Premier League-klubben Arsenal.
sport

Det melder fleire spanske medium, blant dei Diario Vasco og AS.

Diario Vasco held til i San Sebastián, byen der Ødegaards tidlegare klubb Real Sociedad held til. Så seint som torsdag sa den spanske fotballeksperten Guillem Balague til BBC at Ødegaards føretrekte val var ein retur til «La Real».

Lokalavisa, som følgjer klubben tett, hevdar likevel at det ikkje blir noko av.

Fredag kjem det i staden meldingar om at nordmannen derimot har Arsenal øvst på lista si over klubbval. Det er i så fall snakk om ein låneavtale.

Ødegaard har dei siste dagane vore sett i samband med Arsenal, og onsdag vart manageren til London-klubben Mikel Arteta konfrontert med den påståtte interessa for den norske landslagsprofilen. Spanjolen svarte med at han ikkje ville snakke om enkeltspelarar.

Spekulasjonane rundt framtida til Ødegaard eksploderte tysdag kveld då han ikkje vart teken med i Real-troppen til cupkampen på onsdag mot Alcoyano. Dei fleste tett på storklubben såg ikkje det komme.

Seinare på kvelden skreiv Marca at Ødegaard har bede Zidane om å bli leigd ut allereie denne månaden for å få speletid. Artikkelen var signert av den mest anerkjende Real-reporteren i storavisa.

(©NPK)