39 spanske klubbar og La Liga slaktar superligaprosjektet

Dei 39 spanske La Liga-medlemsklubbane som ikkje vart inviterte til deltaking i Super League var torsdag i møte med ligaleiinga og fordømde prosjektet.
sport

Dei nærverande klubbane avviste einstemmig planane for ei slik turnering. Alle klubbane trur sterkt på at sportslege merittar er einaste kriterium for å kvalifisere seg til internasjonale turneringar, gjennom nasjonalt seriespel, står det i ei fråsegn etter møtet.

Real Madrid, Barcelona og Atlético Madrid skulle vere spanske deltakarar i utbrytarligaen. Etter at alle seks engelske klubbar, dei tre italienske og Atlético har trekt seg, står Real og Barcelona åleine igjen.

– La Liga vil halde fram med å jobbe med tilhengjarar, styresmaktene, Uefa, fotballforbundet, spelarforeininga og interesseorganisasjonen European Leagues for å verne fotballen, og vi oppmodar klubbane som framleis er involverte i dette prosjektet om å oppgi det umiddelbart, står det i uttalen.

Sjølv om nesten alle klubbane har trekt seg ut, hevdar Real Madrid-president Florentino Pérez at det berre er sett på pause. Barcelona-president Joan Laporta forsvarer òg prosjektet og kallar det «absolutt nødvendig».

(©NPK)