Håkon Brusveen er død: Fekk OL-billett av kongen

Håkon Brusveen har gått bort, 93 år gammal. Langrennsprofilen skulle eigentleg vore heime under OL i Squaw Valley, men kom med på laget og enda som gullgut.
sport

Det var takka vere kongen.

Historia om Brusveens einaste OL-gull er ei forteljing fullt på høgd med eventyra til Asbjørnsen og Moe. Etter å ha vore med i to OL, i Oslo i 1952 som reserve, og i Cortina d'Ampezzo fire år seinare, ville ikkje langrennsleiinga ha med Vingrom-løparen til USA i 1960.

Det dei ikkje hadde rekna med, var at Håkon Brusveen var svært populær blant folk flest, og at han hadde mektige venner og støttespelarar. Det gjorde at han kom med på OL-laget i 12. time.

Han fekk klarsignalet gjennom eit ekstra kvalifiseringsløp på Sollihøgda berre nokre dagar før avreisa til Squaw Valley. I kvalifiseringsløpet fekk Brusveen verkeleg vist kva han var god for, og stilte alle dei OL-uttatte i skuggen.

Etter løpet tok Aftenposten-journalisten Sverre Fodstad ein telefon til Slottet. Han kom i kontakt med kong Olav via kabinettssekretæren. Etter at kongen hadde høyrt resultata frå kvalifiseringa på Sollihøgda, sa han: «Jeg ser gjerne at Brusveen blir med til Squaw Valley».

Med ein gong skipresident Torbjørn Nordahl fekk høyre dette, var OL-billetten til Brusveen i boks.

To medaljar

Vingrom-løparen var ikkje leivd så store sjansar før OL i Squaw Valley, men etter uttaket, som kong Olav fekk mykje av æra for, slo han ut i full blomster. Ikkje berre vann han gullet på 15-kilometeren føre storleikar som Sixten Jernberg og Veikko Hakulinen. Han gjekk òg ankeretappen på det norske stafettlaget, som sikra sølvet på 4 x 10-kilometeren.

Brusveen vart slått med 0,8 sekund på ankeretappen, og det var finske Hakulinen som var betre enn han.

På heimebane i 1952-OL fekk ikkje Brusveen sjansen til å gå. I Cortina fire år seinare var han med på den store norske nedturen i langrenn. Han fekk ein femteplass på 15-kilometeren. Det var den nest beste norske prestasjonen, som dei aller fleste for lengst har gløymt.

I løpet av karrieren vann Brusveen frå Vingrom ved Lillehammer fem NM-gull. Dei kom på 30-kilometeren i 1953, på 15 kilometer i 1957 og -58. Han gjekk òg til topps på tremila i 1958 og var med på Vingroms lag som vann stafetten i 1957. I tillegg til dette fekk han Holmenkollmedaljen i 1958 og Morgenbladets gullmedalje i 1960.

Populært tospann

Det var Gudbrandsdølen Dagningen som torsdag melde at Brusveen er død. Han sovna stille inn på Helsehuset i Lillehammer onsdag kveld.

Håkon Brusveen, som vart fødd på Vingrom 15. juli 1927, starta som skogsarbeidar og heldt fram som forretningsmann med eigen sportsbutikk på Lillehammer. Ved sida av skiløpinga var det radiokarrieren hans som gjorde han landskjend òg for yngre generasjonar.

Første gong han snakka på radio var etter den første NM-sigeren i 1953, men det var først då han kom i tospann med den legendariske NRK-reporteren Bjørge Lillelien frå vinteren 1963 at det tok av. Sidekommentatoren var fødd, og Brusveen, som heldt på med radioarbeidet til langt ut på 1990-talet, vart ein levande og fargerik meldepost ute i skogen.

Brusveen prøvde seg òg som skiskyttar etter at han slutta med langrenn, og det var som skiskyttar han freista å kvalifisere seg til OL i 1964. Sjukdom sette ein stoppar for det forsøket, men til OL kom han, som NRK-reporter. Han jobba saman med Bjørge Lillelien til Lillelien døydde i 1987, og deretter heldt Brusveen på i ytterlegare ti år med nye samarbeidspartnarar på radiosida.

Ved sida av å vere ein god skiløpar og fargerik radioreporter i 35 sesongar på riksdekkjande radio, var òg Håkon Brusveen kjent for å vere ein humørspreiar av dei sjeldne.

No har stemma stilna, men minna om skiløparen som vart teken ut til OL av sjølvaste kongen, vil leve vidare.

Fakta

* Namn: Håkon Brusveen

* Fødd: 15. juli 1927

* Død: 21. april 2021

* Bustad: Vingrom

* Sivilstand: Gift, to barn

* Yrke: Skogsarbeidar, forretningsmann, langrennsløpar og radioreporter

* Idrett: Langrenn og Skiskyting

* Klubb: Vingrom

* Sportslege prestasjonar: OL-gull: 15 km (Squaw Valley (1960), OL-sølv: 4 x 10 km stafett Squaw Valley (1960). NM-gull: 30 km (1953, 1958), 15 km: 1957, 1958), 4 x 10 km stafett med Vingrom (1957).

* Utmerkingar: Holmenkollmedaljen (1958), Morgenbladets gullmedalje (1960)

* Håkon Brusveen vart Noregs første sidekommentator i radio etter at langrennskarrieren var over. Han jobba som kjend og kjær radioreporter for NRK fram til 1997, dei første 25 åra i tospann med Bjørge Lillelien.

* Han sovna stille inn på helsehuset i Lillehammer onsdag kveld.

(©NPK)