Jordan Larsson får EM-sjanse i Zlatans skadefråvær

Spartak Moskva-spissen Jordan Larsson (23) kom med i Sverige-troppen til fotball-EM. Det gjorde òg blant andre veteranen Andreas Granqvist.
sport

Landslagssjef Jan Olof Andersson tok ut troppen sin tysdag, og der var det ikkje mange overraskingar. Det var likevel knytt spenning til om Larsson, son av spisslegenda Henrik Larsson, skulle få billett til meisterskapen i sommar.

Larsson vart vraka frå troppen til førre samling, då veteranen Zlatan Ibrahimovic gjorde comeback. Til EM er Milan-stjerna uaktuell på grunn av skade, og dermed er Larsson inne.

Landslagskaptein Andreas Granqvist (36) har ikkje spelt for Sverige sidan 2019, men Andersson vil likevel ha han med i troppen. Det same gjeld for midtbanemannen Sebastian Larsson, som også fyller 36 år før EM-starten i juni. Han skal spele den femte meisterskapen sin.

(©NPK)