Stopparkjempa Skriniar sikra slovakisk draumeopning på EM etter polsk utvising

Midtstoppar-bautaen Milan Skriniar sørgde for at Slovakia slo Polen 2–1 i fotball-EM måndag. Ei polsk utvising påverka avslutninga på kampen.
sport

Skriniar-skåringa som til slutt skilde laga kom med drygt 20 minutt igjen å spele. 26-åringen, som nyleg vart italiensk seriemeister med Inter, stod på rett stad etter eit hjørnespark og hamra ballen ned i hjørnet.

Nokre minutt tidlegare hadde Polen vorte reduserte til ti mann då Grzegorz Krychowiak fekk sitt andre gule kort. Utvisinga kom etter at polakkane hadde utlikna Slovakias 1-0-leiing og festa eit grep om kampen.

Den slovakiske vingen Róbert Maks soloprestasjon etter 18 minutts spel var langt på veg behaldninga i første omgang i St. Petersburg. Ferencváros-spelaren lurte to motspelarar på venstrekanten, før han skar inn i feltet og avslutta mot næraste hjørne. Ballen trefte stolpen, deretter ryggen til Polens målvakt Wojciech Szczesny og gjekk så i mål.

Det uheldige sjølvmålet er det første av ei målvakt i EM-historia.

Andre omgang var berre 32 sekund gammal då Polen kom à jour. Torino-spelar Karol Linetty avslutta eit strålande angrep med å trille ballen i mål bak Slovakias målvakt Martin Dúbravka.

Målet vart likevel til inga nytte.

Skeiv Polen-start

Sigeren gir Slovakia ein draumestart på EM-sluttspelet. Spania og Sverige utgjer resten av gruppe E, og oppgjeret på måndag vart sett på som ein nøkkelkamp for å vere med i kampen om plass i utslagsrundane.

Polen har komme skeivt i gang og har tungt press på seg føre fortsetjinga.

I neste kamp sonar òg utviste Krychowiak karantene. Lokomotiv Moskva-spelaren pådrog seg det første gule kortet i kampen på måndag då han stansa ei slovakisk kontring før pause. Taklinga som enda med kort nummer to var ikkje av dei styggaste.

– Eg meiner det andre gule kortet var feil, sa NRKs ekspertkommentator Egil Drillo Olsen.

Anonym Lewandowski

Utover dei tre skåringane inneheldt opningskampen i gruppe E svært få store moglegheiter. Den beste stod Polens Jan Bednarek for då han skaut utanfor frå god posisjon på tampen.

Polen kom til sluttspelet i sommar utan dei skadde angriparane Krzysztof Piatek og Arkadiusz Milik. Dermed kviler det ekstra mykje ansvar på skuldrene til superstjerna Robert Lewandowski. Han var i lange periodar relativt anonym måndag.

Bayern München-spissen fekk sjansen på eit frispark frå god posisjon tidleg i andre omgang, men trefte muren.

Slovakia sikra seg plass i EM-sluttspelet gjennom omspel. Polen vann på si side kvalifiseringsgruppa si og er med i sitt fjerde strake EM etter å ha kvalifisert seg for første gong i 2008.

(©NPK)