Uefa forsvarar avgjerd om å ta opp att Danmark-kamp

Det europeiske fotballforbundet (Uefa) avviser at dei danske spelarane vart pressa til å ta opp att EM-kampen mot Finland etter Christian Eriksens hjartestans.
sport

Eriksen fall om rett før pause under kampen i Parken i København på laurdag. I minutta som følgde fekk han livreddande hjelp medan sjokkerte lagkameratar følgde dramaet.

Etter at Danmarks største stjerne var frakta til sjukehus, vart det vedteke å spele kampen ferdig. Fleire danske spelarar har i etterkant retta kritikk mot den avgjerda.

Uefa meiner situasjonen vart handtert godt.

«Uefa er sikker på at episoden blei handtert med den største respekt med tanke på den sensitive situasjonen og for spelarane», heiter det i ei fråsegn måndag.

«Det er blitt avgjort å ta opp att kampen først etter at begge lag bad om å få fullføre kampen same kveld», skriv forbundet vidare.

Danmarks målvakt Kasper Schmeichel gav måndag uttrykk for at han meiner kampen burde vore spelt ferdig på eit seinare tidspunkt.

– Vi vart stilte i ein posisjon som eg personleg ikkje føler at var «fair». Vi hadde to valmoglegheiter. Det kravde nok at nokon høgare oppe enn oss sa ifrå om at det ikkje var riktig tidspunkt å treffe ei avgjerd på, sa han.

Danmarks spelarar skal ha fått moglegheita til å avslutte kampen klokka 12 dagen etter.

– Vi tok den minst dårlege moglegheita. Det var mange spelarar som ikkje var klare til å spele. Vi fekk beskjed om at vi måtte ta ei avgjerd, sa Barcelona-proff Martin Braithwaite.

Uefa opplyser at «behovet til spelarane for 48 timars kvile mellom kampar eliminerte alle andre moglegheiter».

(©NPK)