Trenar Alnes om OL-gull og verdsrekord til Warholm: – Kult og artig

Trenar Leif Olav Alnes tok ikkje av, men svært fornøgd etter å ha sett Karsten Warholm springe inn til OL-gull og verdsrekord på 400 meter hekk tysdag.
sport

– Det var herleg og varmt, sa Alnes til Discovery på spørsmål om korleis det kjendest å ha sett Warholm herje og vinne OL-gull.

– Ein veit ikkje om det går før ein er i mål. Folk kan dette, og det er mykje som kan gå gale, men det er òg mykje som kan gå rett, sa trenaren.

– Det er ganske umenneskeleg, men han er jo utruleg bra på det, sa trenaren vidare og la til at dei hadde snakka mykje om det å komme under 46 sekund «på kammerset».

På spørsmål om korleis det var å sjå at Warholm vann OL-gull og tok verdsrekorden i same slengen, svarte trenaren kort og godt:

– Eg synest det er kult. Det er veldig artig.

– Sett ord på kjenslene, vart han spurt.

– Dette er kjempegøy, det er derfor vi dreg på jobb kvar dag, for å få til noko spektakulært. Når det sit, er det fantastisk.


(©NPK)