Juventus etterforskar rasistiske tilrop etter Milan-kampen

Den italienske storklubben Juventus skal etterforske ei hending der Milan-målvakt Mike Maignan vart utsett for rasistiske tilrop før kampen på søndag.
sport

Ein talsmann i Juventus har opplyst det til nyheitsbyrået AFP. Tilropa vart fanga på video av ein annan tilskodar som var til stades under Serie A-kampen som enda 1–1 søndag.

Ifølgje italienske medium vil òg Det italienske fotballforbundet (FIGC) opne ei sjølvstendig etterforsking for å finne tilskodaren i videoen.

Målvakt Maignan meiner problemet uansett ikkje vil bli løyst.

– Så lenge det blir behandla som isolerte hendingar, og det ikkje blir gjort noko overordna, vil historia gjenta seg igjen og igjen, uttalte han.

– Veit dei som tek avgjerdene, korleis det kjennest å høyre tilrop og songar som gjer at ein blir reduserte til dyr. Veit dei kva det gjer med familiane våre, våre kjære som ser det og ikkje skjønner kvifor det framleis skjer i 2021?

FIGC byrja sist veke å undersøkje Lazio-supporterar som tidlegare denne månaden kom med rasistiske tilrop mot Milan-spelar Tiemoué Bakayoko.

(©NPK)