J17-landslaget tapte gruppefinalen på overtid

Noregs rekkje utan poengtap sprakk i 1-2-nederlaget på fredag for Irland i kvalifiseringa til J17-EM i fotball. Laget er uansett vidare i sluttspelsjakta.
sport

Dei iriske jentene fekk inn vinnarmålet i Sandnes då innbytar Joy Ralph i tilleggstida skåra på ein returball. Rett før trefte eit langskot tverrliggjaren.

Noreg hamna under 0–1 rett før kvilen, men i det 83. minuttet utlikna Linneah Rasmussen etter flott forarbeid av Signe Gaupset. Det gav det norske laget auka tru på full poengpott i gruppespelet, men det var Irland som skulle få den gleda.

Med sine to sigrar mot Bulgaria og Ungarn var J17-landslaget på førehand sikra deltaking i den avgjerande kvalifiseringa neste år. Der går gruppevinnarane til EM-sluttspelet, som i mai blir spelt i Bosnia-Hercegovina.

(©NPK)