Rally-VM: Oliver Solberg tok det fint i asfaltdebuten – nummer åtte etter første dag

Oliver Solberg tok ingen store sjansar på dei seks første fartsprøvene i Rally Catalunya. Han ligg på 8.-plass og er i underkant av to minutt bak teten.
sport

Det gjekk ikkje særleg fort for 20-åringen på prøvene på fredag, og det kom av heilt naturlege årsaker. Han har aldri ratta sin Hyundai på asfalt i VM-samanheng tidlegare. Han har dessutan måtta bryte dei fire siste VM-rundane han har køyrt i RC2-klassen i Estland, Belgia, Hellas og Finland.

Totalt har han 1.55,6 minutt opp til leiande Thierry Neuville i samandraget før køyringa på laurdag. Den belgiske stjerna konkurrerer òg i ein Hyundai.

Oliver Solberg tapte 32,5 sekund på den første prøva i det første asfaltrallyet sitt. Det var briten Elfyn Evans som var raskast innleiingsvis. Nordmannen, som køyrer på svensk lisens, tapte 23,3 sekund til dei beste på den neste prøva.

Etter tre prøver hadde avstanden vorte på 1.12 minutt opp til Evans.

«Det eneste målet for dagen er å ha det gøy! Tar ingen sjanser, forsøker å få inn den gode følelsen og rytmen i kjøringen, men det er ikke lett. Jeg lærer noe nytt for hver eneste kilometer», tvitra Solberg.

«Vi koser oss helt klart. Det er bekymrede ansikter med smilende øyene. Det er på de raskeste partiene det er tøft å prestere uten mer erfaring, og veiene er ganske så gjørmete. Det går bedre og bedre», la han til.

Ungguten køyrde reint tidsmessig best på dagens sjette og siste prøve. Der var han 9,2 sekund bak Neuville.

Mads Østberg førte an i RC2-klassen på den første prøva, men fekk seinare trøbbel og avslutta dagen 1.45,7 minutt bak den franske lagkameraten sin Eric Camilli i Citroën-laget samanlagt.

(©NPK)