Skiskyting: Stina Nilsson vraka frå verdscupen – stiller på Sjusjøen

Stina Nilsson er ute av Sverige-troppen når verdscupen i skiskyting held fram i Östersund torsdag. Ho skal i staden gå IBU-cuprenn på norsk snø.
sport

Den svenske landslagsleiinga vel denne veka å gi Johanna Skottheim sjansen i verdscupen.

– Vi er nøgde med det Stina presterte i Östersund. Det gav henne ei uvurderleg erfaring, seier hovudtrenar Johannes Lukas.

Nilsson stiller denne veka til start i IBU-cupen på Sjusjøen. Der skal fleire renn gå føre seg: supersprint (onsdag), sprint (fredag) og fellesstart (laurdag).

– På Sjusjøen får Stina sjansen til å gå tre nye renn mot hard internasjonal motstand. Det trur eg er perfekt for den vidare utviklinga hennar, forklarer Lukas.

– Eg vil berre halde fram med å utvikle meg som skiskyttar, og då er det best å konkurrere mykje. Derfor ser eg fram mot eit spekka program i IBU-cupen på Sjusjøen, seier Nilsson i ei pressemelding.

Nilsson vart nummer 43 og 55 i helgas to premiererenn i Östersund. Ho hoppa over frå langrenn til skiskyting vinteren 2020.

(©NPK)