Bae om Carlsens remisrekkje: – Vanskeleg å få motstandaren i bakken

Magnus Carlsen har spelt remis i alle dei 17 siste VM-partia sine i klassisk sjakk. Det er teikn på eit skyhøgt nivå, meiner NRKs sjakkekspert Torstein Bae.
sport

Dei tre første VM-partia mot Jan Nepomnjasjtsjij har alle enda med remis, og Carlsens rekkje med uavgjort i VM strekkjer seg heilt tilbake til duellen mot Sergej Karjakin i 2016.

– På aller høgaste nivå i VM-kampane, der dei i tillegg har desse ekstreme førebuingane opp mot matchen, er det rett og slett vanskeleg å få motstandaren i bakken, forklarer Bae overfor NTB.

Sjølv med berre uavgjort har det vore tre intense oppgjer så langt.

– Starten har vore lovande med veldig friskt spel. Når det blir ubalansert, ser vi at også dei beste i verda gjer svake trekk. Då gjeld det å klare å utnytte det, seier Bae.

Carlsen har fått tøffare kamp enn fleire hadde forventa, men Bae held framleis den regjerande verdsmeisteren som favoritt. Han trekkjer fram at dersom remisrekkja blir forlengd, er det ein fordel for Nepomnjasjtsjij.

– Eg held Magnus framleis som favoritt i denne matchen, men det er klart at jo færre parti som er igjen, jo større sjanse får Nepomnjasjtsjij.

(©NPK)