– Om denne versjonen av lovforslaget blir vedteken, har vi ikkje noko anna reelt val enn å gjere Google Search utilgjengeleg i Australia, sa Australia-sjefen i selskapet Mel Silva i eit komitémøte i senatet i Canberra fredag.
Forslaget går ut på at nettgigantar som Google og Facebook må inngå avtalar med australske mediehus og kringkastarar om betaling for å dele innhald. Dersom ingen avtale blir oppnådd, skal ein regjeringsoppnemnd skilsdom fastsetje eit beløp, heiter det i forslaget, som vart lagt fram i desember.
– Uhaldbart
Silva meiner ein slik modell vil utgjere ein ukontrollerbar økonomisk og driftsmessig risiko for Google. Det er særleg skilsdomsløysinga som fell IT-giganten tungt for brystet.
– Dette vil skape ein uhaldbar presedens for verksemda vår og den digitale økonomien. Det er ikkje i tråd med korleis søkjemotorar eller internett fungerer, seier Silva.
Også Facebook meiner det australske forslaget ikkje vil fungere og vil føre til at selskapet sluttar å dele australske nyheiter.
– Lèt oss ikkje true
Australias statsminister Scott Morrison legg ikkje fingrane imellom i svaret sitt til IT-selskapa.
– Australia lagar reglane for kva du kan gjere i Australia. Det skjer i nasjonalforsamlinga vår. Dei som vil stelle seg til det og drive verksemd i Australia, er hjarteleg velkomne, men vi lèt oss ikkje true, seier Morrison.
Fransk avtale
I Frankrike inngjekk Google denne veka ein avtale med franske medium om betaling for å gje att nyheiter i sine søkjeresultat. Avtalen legg til rette for individuelle lisensavtalar med utgivarar om ei ny nyheitsløysing frå IT-selskapet.
Europeiske forsøk på å støtte media i møte med dei store teknologiselskapa har i stor grad handla om opphavsrett. Men konkurransetilsynet i Frankrike har òg sagt at Google ikkje kan droppe å vise nyheitstreff for å sleppe å betale. Det vil skade media og innebere eit misbruk av marknadsmakt frå Googles side, skriv TechCrunch.
Australia vel å bruke reglar mot monopolmakt overfor IT-selskapa, noko som kan få mykje større økonomiske konsekvensar for selskap som Google og Facebook.
Pionerar støttar Google
Det australske forslaget pålegg òg IT-plattformene å varsle på førehand om endringar i algoritmane som kan påverke korleis dei distribuerer innhald. Her er det òg lagt inn klausular om straff dersom nettselskapa prøver å blokkere innhald for å unngå betaling.
Australias regjering meiner Google og Facebook har for stor marknadsmakt i medieindustrien og at selskapa utgjer ein mogleg trussel mot eit velfungerande demokrati.
USA bad tidlegare i veka Australia om å skrote lovforslaget. Også internettpionerar som Tim Berners-Lee støttar motstanden til IT-selskapa mot den planlagde australske reguleringa.
(©NPK)