Googles ballong-prosjekt blir lagt ned

Googles «Project Loon», som skulle gi internettilgang til nye delar av verda med høgtflygande ballongar, blir lagt ned.
utenriks

Årsaka er at prosjektet ikkje viste seg å vere levedyktig, ifølgje Googles morselskap Alphabet, som også eig Loon.

Planen var å sende høgfartsinternett frå luftballongar som skulle sveve rundt 18.000 meter over bakken. Dei var utrusta med solcellepanel og gav berre internettilgang på dagtid.

Men prosjektet møtte på fleire utfordringar. Ballongane er svært dyre og varer berre nokre månader. I tillegg har mobilmaster vorte meir kostnadseffektive gjennom åra.

Selskapet lukkast med nokre korte prosjekt og fekk mellom anna sendt nokre ballongar til Indonesia og Puerto Rico.

(©NPK)