Tidlegare UD-rådgivar arrestert for kongress-angrepet i USA

FBI har arrestert ein politisk utnemnd rådgivar frå utanriksdepartementet til Donald Trump. 42-åringen blir skulda for å ha delteke i storminga av Kongressen.
utenriks

42-åringen, som sa opp jobben i UD dagen før Trump gjekk av som president, vart arrestert torsdag, skriv The Washington Post.

Han blir venteleg framstilt for ein domstol fredag. Så langt er over 300 personar arresterte i samband med angrepet på Kongressen 6. januar.

FBI arresterte den tidlegare UD-tilsette etter ein gjennomgang av videoar frå angrepet, som skjedde medan dei folkevalde var i ferd med å sertifisere valsigeren til Joe Biden.

42-åringen er truleg den første frå Trump-administrasjonen som blir arrestert i samband med storminga.

(©NPK)