Nasas Mars-helikopter med ny, vellykka flyging

Nasas helikopterdrone Ingenuity har gjennomført endå ein vellykka flytur på Mars, opplyser amerikanske forskarar torsdag.
utenriks

Dronen, som landa på Mars saman med robotfarkosten Perseverance 18. februar, flaug i 52 sekund og klatra til ei høgd på 5 meter.

Droneflyginga på den raude planeten er det første prosjektet i sitt slag, og norske Håvard Fjær Grip er ein sentral figur. Han jobbar ved Nasa Jet Propulsion Laboratory og California Institute of Technology i Pasadena i Los Angeles. Ingenuity flaug for første gong måndag.

– Vi har no hatt to flyturar på Mars, det betyr at det framleis er mykje å lære, seier sjefingeniør Bob Balaram i ei fråsegn. Han konstaterer at torsdagens tur var i tråd med forventningane.

(©NPK)