Ungarn blokkerte EU-uttale om Gaza

Ungarn stansa tysdag ein felles uttale frå EUs utanriksministrar om ei våpenkvile i konflikten mellom Israel og Hamas i Gaza.
utenriks

Ungarns utanriksminister Péter Szijjártó kalla uttalen for einsidig i kritikken sin av Israel.

Alle resten av dei 26 landa støtta forslaget, ifølgje EUs utanrikssjef Josep Borrell. Etter videomøtet appellerte han om ei umiddelbar våpenkvile.

Han prøvde i det lengste, også etter møtet, å kontakte alle delegasjonane på nytt i håp om likevel å oppnå semje, men forgjeves.

– Formålet er å verne sivile og sørgje for full humanitær tilgang til Gaza, sa Borrell og understreka at det store talet sivile drepne og såra er uakseptabelt.

– Vi forsvarer fullt ut Israels rett til å forsvare seg, men vi slår òg fast at dette må skje på proporsjonalt vis og i tråd med folkeretten, sa han vidare.

Trengst langsiktige løysingar

Det trengst langsiktige initiativ til å bryte dynamikken i konflikten i Midtausten, sa Borrell før det hasteinnkalla ministermøtet om Gaza-konflikten tysdag.

Han skreiv på Twitter at han hadde snakka med USAs utanriksminister Antony Blinken om korleis USA og EU «saman kan bidra til å få slutt valden» og dempe spenninga.

– Ser vi framover, treng vi òg langsiktige initiativ for å bryte dynamikken i konflikten og vekke håpet om ei fredeleg framtid for alle til live igjen, skriv Borrell, som leiar møtet.

Låge forventningar

EU har stått samla i ønsket om ei våpenkvile og ei politisk løysing på den seinaste konflikten, men medlemslanda er usamde om korleis dei best kan hjelpe.

Så langt har dei 27 landa ikkje klart å finne ein felles posisjon, og utanrikssjef Josep Borrell har måtta nøye seg med å uttale seg på eigne vegner, ikkje på vegner av heile unionen.

Liten innverknad

Minst 212 palestinarar – blant dei 61 barn – er drepe på Gazastripa sidan konflikten blussa opp for ei dryg veke sidan. Over 1.400 er såra, opplyser Gazas helsestyresmakter. I Israel er tolv personar, inkludert ein fem år gammal gut og to thailandske gjestearbeidarar, drepne av palestinske rakettar.

EU er den største bistandsytaren til palestinarane, men unionen har liten innverknad over Hamas, som kontrollerer Gazastripa. Unionen har òg avgrensa innverknad over Israel, trass enkelte avtalte handelsfordelar.


(©NPK)