Kviterussisk journalist dømt for å ha fornærma presidenten

Ein domstol i Kviterussland har dømt ein journalist til eitt og eit halvt års fengsel etter å ha funne han skuldig i å fornærme president Aleksandr Lukasjenko.
utenriks

Ifølgje det kviterussiske journalistforbundet vart 50 år gamle Sjarhej Hardzijevitsj òg funnen skuldig i å ha baktala politioffiserar.

I tillegg til fengselsstraffa fekk han ei bot på godt og vel 14.000 kroner.

Kviterussland har slått hardt ned på uavhengige journalistar og menneskerettsaktivistar sidan Aleksandr Lukasjenko i august i fjor vart attvald i eit val som blir sterkt kritisert av opposisjonen og omverda.

(©NPK)