Oljeprisen stuper – ekspertar peikar på koronafrykt

Oljeprisen fell kraftig, og prisen på eit fat nordsjøolje hadde måndag kveld falle med over 3 prosent.
utenriks

Spotprisen var i 18-tida måndag på 72,5 dollar, ein nedgang på 3,5 prosent. Vel to timar seinare hadde fallet flata ut, men nedgangen var framleis på 3,2 prosent (72,7 dollar) godt ut i den amerikanske handelsdagen.

Før helga var prisen over 75 dollar fatet.

Prisfallet starta i 15-tida måndag. Etter eit halvår med oppgang har oljeprisen den siste månaden lege stabilt over 70 dollar, med unntak av eit lite fall midt i juli.

Bloomberg melder at nedgangen kjem av frykt for at deltasmitte kan påverke oljeetterspurnaden, og dessutan dårlege produksjonstal frå den kinesiske industrien.

Også prisen på amerikansk lettolje fall måndag.

(©NPK)