Tyskland kan få over 1.000 representantar i parlamentet etter valet

Tysklands Forbundsdag er ei av dei største nasjonalforsamlingane i verda. Valsystemet fører til at det kan bli endå fleire representantar etter valet.
utenriks

I 2017 konstaterte det tyske nyheitsbyrået RND at «huset er fullt». Då hadde nettopp Tyskland valt ein Forbundsdag med 709 mandat. Også det var ny rekord, men han kan snart bli slått endå ein gong.

Tysklands vel 60,4 millionar stemmeføre skal setje to kryss på stemmesetelen.

På venstre side gir dei «førstestemma» til ein kandidat i valkrinsen dei bur i. Tyskland er delt opp i 299 valkrinsar, som kvar får sende éin representant til Forbundsdagen. Kandidaten med flest stemmer i valkrinsen vinn.

På høgre side bruker dei «andrestemma» til eit parti på delstatsnivå. Dette er eit proporsjonalt val, på same måte som i Noreg, slik at partias del av mandata skal vere omtrentleg den same som delen av stemmene dei fekk.

Overheng

Det er andrestemma som til sjuande og sist avgjer kor mange mandat partiet får. Dersom eit parti får få førstestemmer, men mange andrestemmer, vil dei altså likevel få mange representantar i Forbundsdagen. Dermed får tyskarane både lokale representantar og ein Forbundsdag som speglar valresultatet. Systemet er ein variant av det som på fagspråket heiter «MMP» – mixed-member propotional representation.

Problemet oppstår når eit parti får fleire førstestemmemandat enn delen andrestemmer tilseier at dei skulle få mandat til saman. I det sørlege Tyskland er kristendemokratane i CDU/CSU størst i nær alle valkrinsane, og får mange mandat på den måten.

Ender dei med 50 prosent av førstestemmemandata, medan dei berre får 20 prosent av andrestemmene, har dei altså vorte overrepresentert. Då får dei det som tyskarane kallar «overhengsmandat», for å sørgje for at alle dei som er valt direkte frå ein valkrins, får plass. Forbundsdagen skal likevel spegle valresultatet, så andre parti får òg utjamningsmandat.

Over 1.000 representantar

Ifølgje den tyske Grunnlova skal Forbundsdagen ha minst 598 representantar – 299 valde på førstestemma og 299 valde på andrestemma. I fem val på rad har ho likevel vakse frå det talet. Angela Merkels eige parti, CDU, har i dag fleire mandat enn dei hadde i 2005, trass at dei har ein mindre del av stemmene.

I 2017-valet vart det altså valt 709 representantar til parlamentet i Berlin, og om nokre veker kan det bli fleire hundre fleire.

Den respekterte stiftinga Bertelsmann Stiftung bereknar nemleg at avhengig av valresultatet 26. september kan den neste Forbundsdagen bestå av inntil eller til og med fleire enn 1.000 representantar. Det er framleis langt mindre enn Kinas nasjonale folkekongress, som har nær 3.000 representantar, men blant demokratisk valde lovgivande forsamlingar er den tyske ordninga utan sidestykke.

Kontroversielle endringar

I fjor vart regjeringspartia CDU/CSU og SPD samde om endringar i vallova, slik at Forbundsdagen ikkje lenger skal svulme opp ved kvart einaste val. Dei nye reglane inneber mellom anna at berre nokre av overhengmandata skal kompenserast med utjamningsmandat. Talet på valkrinsar skal òg skjerast ned før valet i 2025.

Det var stor motstand mot endringane i lova. Dels meinte opposisjonen at lovendringane ikkje gjer nok for å kutte i talet på mandat, dels meiner dei det berre er ein måte for CDU/CSU å skaffe seg valtekniske fordelar. Saka vart fremja for grunnlovsdomstolen. I august kom han fram til at det ikkje var mogleg å behandle saka før valet. Vallova blir dermed gjeldande i alle fall til 26. september, sjølv om ho kan bli funne grunnlovsstridig ved eit seinare tidspunkt.

Resultatet kan dermed bli ein gigantisk Forbundsdag etter valet 26. september.

(©NPK)