Fullvaksinerte med svekt immunforsvar får oftare covid-19

Det er framleis svært sjeldan at fullvaksinerte får koronaviruset, men dei som har svekt immunforsvar, blir smitta oftare og får meir alvorleg sjukdom.
utenriks

Det viser ein ny studie som er publisert i Journal of Medical Economics.

Forskarane, som mellom anna kjem frå Pfizer, analyserte 1,2 millionar journalar frå folk som er fullvaksinerte i USA. 17,7 prosent av desse hadde svekt immunforsvar på grunn av lidingar som avansert Hiv/AIDS, kreft, nyresjukdom, og ei rekkje andre.

Knapt 0,08 prosent av dei fullvaksinerte vart smitta av covid-19. 38 prosent av desse hadde svekt immunforsvar. Dei med svekt immunforsvar utgjorde òg 60 prosent av sjukehusinnleggingane og alle dødsfall blant personar i studien.

– Resultata av denne studien fremjar forståing av utfall etter vaksinasjon og støttar opp om tilrådinga om å gi ein tredje dose med koronavaksine til pasientar med svakare immunforsvar, seier Manuela Di Fusco frå Pfizers forskingsteam.

(©NPK)