Formannskapet har møte måndag, og starter møtet med ei synfaring på fleirbruksanlegget til Sunnylven IL og Sunnylven skyttarlag i Hyttehøla.
Fleirbruksanlegget opnar offisielt søndag, med ein stor opningsfest.
Endrar tittel
Det er ikkje mange saker som står på kartet til formannskapet det første møtet i 2020.
Blant sakene, er ei endring av stillingstittelen til rådmann Åse Elin Hole. Ho vil etter formannskapsmøtet få tittelen kommunedirektør.
Bakgrunnen for endringa av stillingstittelen, er ny kommunelov som kom i 2018. Den nye kommunelova nyttar begrepet kommunedirektør for kommunen sin øvste administrative leiar.
- Ei endring frå rådmann til kommunedirektør vil gi eit viktig signal om likestilling i arbeidslivet, og ein tilrår at stillingstittelen kommunedirektør vert nytta i Stranda kommune, skriv rådmannen i tilrådinga.
Det er ikkje venta at formannskapet kjem til å motsette seg dette.
Ei endring av formannskapsnamnet derimot, er ikkje aktuelt. Det namnet vert vidareført i ny kommunelov, og omgrepet har opphav i formannskapslovene frå 1837.