Kommuneoverlegen takkar alle som har tatt ansvar

- Eg håpar at ei effektiv vaksine etterkvart vil avslutte ein svært smertefull periode i historia vår, seier kommuneoverlege Arne Gotteberg.

– Det er kjempebra at vi ikkje har indikasjonar på at smitten er blitt ført vidare, seier kommuneoverlege Arne Gotteberg.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

I alt vart 93 personar sett i karantene i Stranda kommune, og 14 i andre kommunar. Totalt blei 139 nærkontaktar og nærkontaktar til nærkontaktar testa her og 13 i andre kommunar. Alle testane var negative, skriv kommuneoverlegen i eit innlegg på Stranda kommune sine heimesider.

– Det er kjempebra at vi ikkje har indikasjonar på at smitten er blitt ført vidare, seier kommuneoverlege Arne Gotteberg.

Stor takk til dei som har tatt ansvar

Gotteberg seier at mange har gjort ein stor innsats for å stoppe smittespreiinga.

– Mange gjekk i sjølvpålagt karantene og mange let seg teste utover dei smittesporingsgruppa bad om. Stor takk til alle som tok ansvar, og spesielt takk til dei som har hatt ulemper av å måtte gå i karantene.

– Så lenge vi ikkje har ein verksam vaksine, er det berre gjennom aktiv og tidkrevjande smittesporingsarbeid og karantenetiltak, at vi kan slå ned smitten lokalt og hindre at landet må stenge ned igjen. Det ville ha hatt betydeleg større konsekvensar om vi ikkje hadde hatt eit godt og effektivt smittesporingsarbeid her, seier han.

Kommuneoverlegen understrekar at vi framleis må fortsette å ta ansvar:

– Senk ikkje skuldrene, men hald fram det flotte smitteførebyggande arbeidet. Ver merksame og gjer så godt vi kan alle for å følgje råda og førebygge smitteutbrot heile tida, og særleg i samband med jule- og nyttårshelga inntil vaksinen kjem.

Nytt om vaksinen

Gotteberg seier at det framleis ikkje er sett ein dato for når vaksineringa av folk i Stranda er i gang, men at det kan bli ein gang mellom januar og februar.

– Kommunen har fått forvarsel og beskjed om å planlegge vaksinering først på det nye året. Alt tydar på at vi får Pfizer/Bion-Tech vaksinen, som settast i to dosar med 3 vekers mellomrom.

– Dei eldre på institusjonane og personar over 65 år både i og utanfor risikogruppene vil får høgast prioritet. Deretter personar mellom 18 og 64 år i risikogruppene. Helsepersonell med pasientkontakt vil bli prioritert. Kor høgt blir varsla seinare avhengig av utviklinga i smittebildet. Eg håpar at ei effektiv vaksine etter kvart vil avslutte ein svært smertefull periode i historia vår, seier han.