– Godt å ha det gjort

Johanne Langhaug, som bur ved Sykkylven bu- og aktivitetssenter, var mellom dei første som fekk tatt koronavaksinen tysdag. – Eg håpar at vi får stoppa koronaen med å vaksinere oss, seier ho.

Vaksinering: Johanne Langhaug, som bur ved Sykkylven bu- og aktivitetssenter, fekk tatt koronavaksinen tysdag.   Foto: Sykkylven kommune

Nyhende

– Eg fekk spørsmål om eg ville la meg vaksinere mot korona, og etter å ha prata litt med andre så bestemte eg meg for det. Det var to damer som kom inn, og eg kjende ingenting verken då eg vart vaksinert eller i døgnet etterpå, seier Johanne Langhaug, og legg til at ho skal ta ei ny sprøyte om to veker.