Ny hurtigladestasjon

Snart blir det lettare å lade elbilen i Sykkylven sentrum.

Hurtigladestasjon: Om kort tid vil det kome på plass ein hurtigladestasjon for elbilar ved Coop Mega i Sykkylven. 

Nyhende

Det er BKK Elektrifisering AS i Bergen som skal stå som utbyggar og operatør av eit landsdekkande nettverk av hurtigladestasjonar for elbilar. Selskapet har inngått avtale med Coop Sykkylven om å etablere ein ladestasjon ved Coop Mega butikken.