Lastebil av vegen på fv. 60

Ein lastebil har sklidd av vegen på fylkesveg 60 i Straumgjerde i Sykkylven tysdag føremiddag.

Trafikkuhell: Ein lastebil sklei av vegen i Straumgjerde tysdag føremiddag.  Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

Det var klokka 11.16 tysdag føremiddag at politiet i Møre og Romsdal melde på Twitter at eit vogntog hadde velta i Straumgjerde i Sykkylven. Det viste seg å vere ein lastebil, som hadde sklidd ned frå ein kommunal veg, rive med seg nokre tre på vegen, og hamna inntil fylkesveg 60.