– Vi sit ikkje og ser på at det snør

Martin Vågsæter er ein av fleire som har brøyta vegane på Stranda denne veka. – Det er arbeid frå klokka fire om morgonen til midnatt, seier han.

Martin Vågsæter har hatt tøffe arbeidsdagar denne veka: – Det er ikkje alltid eg treng å sove. Nokre gonger er det nok å berre late att auga litt, seier han.  Foto: Ingrid Hjellbakk Kvamstø.

Nyhende

Den siste veka har det snødd fleire titals centimeter i Stranda. Bak rattet på brøytebilane sit nokon av dei som får kvardagen sin snudd på hovudet, når temperaturen går mot minus og det blir kraftig nedbør.