Skreiv under avtale på korleis idrettsanlegga skal driftast i Sykkylven

– Viktig å vareta lokalt engasjement

Fotballen i Sykkylven har blitt samla under Sykkylven IL. Dette betyr ikkje at det blir mindre drift på dei forskjellige anlegga rundt om i kommunen.

Idrettspark: Etter at fotballen i Sykkylven har blitt slått saman i éin klubb, har det vore bekymringar om korleis dei forskjellige anlegga rundt om vil brukast. Ronny Utgård i SIL fortel det er planar om bruk av alle anlegga.  Foto: Arkiv

Nyhende

Førre veke kom Sølvi Goksøyr med eit hjartesukk på Facebook, der ho frykta for korleis framtida til idrettsparken på Ikornnes vil bli no når fotballen i kommunen er samla i eitt idrettslag. «Kven skal ta vare på anlegget som vert brukt av alle? Det er ingen foreldregruppe knytt til Ikornnes lengre, sidan foreldregruppene no består av foreldre frå alle kantar av bygda vår. I og rundt parken aukar hærverk av materiell og anlegg. Bana flyt over av attegløymde klede og søppel, og mål og benkar ligg velta og øydelagde. Treningar og kampar vert avvikla, men alle ordnar berre for seg sjølve, og går rett heim utan å løfte ein finger i det felles ansvaret vi har for å halde idrettsparken rein og i god stand», skreiv ho.