Pengestøtte skal gjere Aktivitetsveka endå betre

– No skal nytt utstyr og materiell på plass

Aktivitetsveka vart for tre år sidan starta av nokre pedagogar i Sykkylven. Opplegget er at fleire barn får vere med på friluftsbaserte aktivitetar i sommarferien. Pedagogane som skipa Friluftgutane AS har fått 25.000 kroner til nytt utstyr.

Friluftsglede: Aktivitetsveka har vore eit svært populært tilbod for barn og unge i Sykkylven.  Foto: Privat

Nyhende

– Når vi planlegg aktivitetar for over 100 barn, er logistikken avgjerande for suksess. Utfordringa for oss har vore å ha nok utstyr til å gjennomføre gode opplegg. Gleda var difor stor då vi i fjor sommar fekk beskjed frå Sparebank 1 SMN om at vi hadde fått tilslag på ein søknad om 25.000 kroner til utstyr og materiell, seier Gudmund Rotevatn, som saman med Jan Halvard Holmøy, Henrik Øye og Frode Hjelmevoll utgjer Friluftgutane AS.