Ny smittsam virusvariant:

Her er råda som gjeld om du har vore på Austlandet

Dette skuldast snitteutbrot av ein særs smittsam virusvariant.

Det er mange i vår kommune og region som reiser til og frå desse områda både i arbeid og fritid, skriv Stranda kommune på sine heimesider. Ar­kiv­fo­to  Foto: Vidar Eliassen

Nyhende


Laurdag sette regjeringa i verk strenge smitteverntiltak i ti kommunar i sentrale austlandsområdet. Dette skuldast smitteutbrot av ein særs smittsam virusvariant. I dag søndag er tiltaka utvida til å omfatte fleire kommunar i Oslo-området, skriv Stranda kommune på sine heimesider. Sykkylven kommune skriv også om tilsvarande smitteverntiltak.

Tiltaka har som mål å avgrense dette utbrotet til dei aktuelle kommunane, og hindre spreiing til resten av austlandsområdet og landet elles. Situasjonen er uoversiktleg, og nye tiltak kan kome.

Det er mange i vår kommune og region som reiser til og frå desse områda både i arbeid og fritid. Ut frå eit føre-var-prinsipp oppmodar difor kommuneoverlegen at alle som har vore på reise i dette sentrale austlandsområdet dei siste fire dagane om å gjere følgjande:

  • Hald 2 meters avstand til alle du møter.
  • Ikkje oppsøk restaurantar og andre møteplassar der det er vanskeleg å halde avstand.
  • Ikkje gå på besøk til sjukeheim, omsorgsbustad og dei eldre i familien.
  • Du som arbeider i helse- og omsorgstenesta, bruk munnbind ved pasientkontakt.
  • Bestill time til testing i veka som kjem sjølv om du ikkje har symptom.
  • Skulle du få luftvegs- eller influensaliknande symptom må du halde deg heime og kontakte legetenesta