Eivind Grebstad og «Lilje» nyt det flotte vintervêret

Gamal hesteslede får nytt liv

Det har gått nær 77 år sidan vintersleden til Edvard Grebstad sist vart tatt i bruk. No har barnebarnet til Edvard, Eivind Grebstad, børsta støv av den gamle sleden og tatt den i bruk igjen.

På sledetur: Eivind Grebstad og hesten «Lilje» på tur med den gamle sleden.   Foto: Privat

Nyhende

Eivind kan fortelje at han har gjort ein god del undersøkingar rundt vintersleden, som vart produsert av A. Lund Vognfabrik på Hamar ein gong først på 1900-talet.