Torsdag: Skulebuss køyrde utfor vegen

Ein skulebuss køyrde av vegen ved Riksheim i Sykkylven på torsdag.

Utfor vegen: Torsdag 4. februar køyrde ein skulebuss utfor vegen ved Riksheim i Sykkylven.  Foto: Tipsar

Nyhende

Torsdag kveld fekk Nyss eit tips om at ein buss hadde køyrd utfor vegen ved Riksheim i Sykkylven. Dette viste seg å vere ein skulebuss som frakta elevar heim frå skulen. Når Nyss fredag tek kontakt med Bjørnar Midtbust, kommunalsjef for skule, fortel han at kommunen ikkje har fått noko melding om dette.