Røde Kors Stranda:

Jobbar frivillig med å transportere koronatestar

Stranda Røde Kors transporterer koronaprøver frå Stranda legesenter til analyse ved Molde sjukehus. - Eg kan ikkje få skryte nok av dei, seier kommuneoverlege Arne Gotteberg.

Samarbeid: Kommuneoverlege Arne Gotteberg og Per Inge Jelle, leiar av Stranda Røde Kors har jobba mykje saman i koronaperioden.   Foto: Privat

Nyhende

– Vi har eit godt samarbeid med legekontoret, og sidan august har vi transportert koronatestar til Molde sjukehus, seier Per Inge Jelle, leiar av Stranda Røde Kors.