Vår og haust for konfirmantane i Stranda

Koronapandemien set preg på konfirmasjonstida også i 2021 i Stranda kommune.

Kyrkjeverje: Petra Riste Synnes er kyrkjeverje i Storfjorden kyrkjelege fellesråd, som omfattar kyrkjene i Fjord og Stranda kommunar.  Foto: Privat

Nyhende

I 2020 vart konfirmasjonane flytta til hausten på grunn av koronapandemien. No ser det ut til at i alle fall nokre av konfirmantane i Stranda kommune må belage seg på konfirmasjon til hausten også i 2021.