Anbefalar testing om ein har vore på desse plassane

Ein besøkande frå Viken som har vore i Ålesund har testa positivt for den britiske mutasjonen av koronaviruset. Personar som har vore på namngitte stader i Ålesund og Stordal blir beden om å teste seg.
Nyhende

Det melder Ålesund kommune, via smittervernlegen. Det var torsdag ettermiddag at kommunen fekk beskjed frå FHI at ein person som hadde vore på besøk i området hadde testa positivt for den britiske mutantversjonen av koronaviruset. Vedkommande skal ha vore i kontakt med fleire, og i alt 14 personar er sett i karantene. Samstundes blir personar som har vore på dei følgjande stadene oppmoda til å teste seg.

  • Barnas Lekeland i Spjelkavik: 20.2 kl. 14.30- kl. 16.30
  • Bybadet i Ålesund i tidsrommet: 21.2 kl. 10.30 – kl. 13.00
  • Stordal Alpinsenter i tidsrommet: 22.2 kl. 12.00 – kl. 15.00 (avgrensast til personar som har vore inne i varmestova og inne i lokala for utleige av ski)
  • Stordal Alpinsenter i tidsrommet:23.2 kl. 12.00 – kl. 13.00 (avgrensast til personar som har vore inne i varmestova og inne i lokale for utleige av ski)
  • Cafe Milano i Spjelkavik i tidsrommet: 21.2 kl. 20.00-22.00

Personar i vårt område som har vore på desse stadene kan teste seg ved å bestille koronatest på heimkommunen sine heimesider.