Malin Hovdenakk Melseth er ferdig utdanna bilmekanikar:

– Ein draum har blitt oppfylt

Med det synlege beviset på bestått fagprøve som bilmekanikar, har eit av dei største ønska til Malin Hovdenakk Melseth blitt ein realitet.

Fagbrev: Malin Hovdenakk Melseth er svært nøgd med at ho no er ferdig utdanna bilmekanikar.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

– Ja, det er nok eit utradisjonelt yrkesval for ei jente, men det var ikkje nokon av venninnene mine som vart overraska då eg bestemte meg for denne retninga. Det har gått i bilprat når vi har møttest, i alle fall frå mi side, smiler Malin.