Kaldt
Temperaturen i Sykkylven og Stranda låg mellom 3 og 1,5 grad under normalen for månaden. Temperaturforskjellen på Roaldshornet målestasjon var i februar på over 20 grader. 11. februar vart det målt den kaldaste temperaturen. Då kraup kvikksølvet ned til 15,5 minusgrader. Ti dagar seinare vart det målt 5,0 varmegrader. Det var berre eit døgn i februar der det ikkje var målt kuldegrader. Middeltemperaturen på Roaldshornet var på 5,8 kuldegrader i februar.