Usemje om oppdrettsanlegget på Bugane

– Sykkylven kommunestyre gjorde nyleg vedtak om å gje løyve til utbygging på Bugane, stikk i strid med sitt eige tidlegare vedtak, seier Kjell Even Vågsæter. – Bugane er ein meir ideell plassering enn der oppdrettsanlegget ligg i dag, seier ordførar Odd Jostein Drotninghaug.

Kjell Even Vågsæter håpar kommunen og fylket kan sette krav om lukka merdar.   Foto: Johan Behrentz

Nyhende

15. februar vart det vedtatt i Sykkylven kommunestyre at Hofseth Aqua AS får bygge oppdrettsanlegg på Bugane. Kjell Even Vågsæter er bekymra for vedtaket.