Saker i NU

Nærings- og utviklingsutvalet i Sykkylven avvikla siste møte 1. mars via Teams. Fleire saker var oppe til handsaming.

NU-leiar: Anita Bente Kjersheim (Sp)  Foto: Christine Fohlin Verneland/arkiv

Nyhende

Leiar i Nærings- og utviklingsutvalet (NU), Anita Bente Kjersheim (Sp) innleia møtet med å stille spørsmål til administrasjonen om det er mogleg å få merka gangfelta med skilt. Spesielt om vinteren er gangfelta lite synlege. Ho har fått tilbakemeldingar om at personar har opplevd fleire gonger at bilane ikkje stoppar. Det har også vore nesten-ulykker ved at personar går over gangfelt i Aure sentrum.