Innstrammingar i Sykkylven, medan Stranda vurderer situasjonen:

– Best å bli heime i påska

Etter utbrotet av mutert virus i Ålesund har Sykkylven kommune stramma inn, på lik linje med Ålesund, Sula og Giske. Liknande tiltak vurderast også i Stranda.

Munnbind: Både Sykkylven og Stranda oppmodar om bruk av munnbind på kollektivtransport og på stader der ein ikkje kan halde avstand på ein meter.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Måndag innførte Ålesund, Sula og Giske nye smitteverntiltak grunna utbrot av mutert koronavirus i Ålesund. Frå midnatt måndag blei også liknande tiltak gjeldande i Sykkylven. Museum, kinoar, symjehallar og andre verksemder har blitt stengde, det har blitt innført påbod om heimekontor for der det er praktisk mogleg. Det er også blitt innført plikt til å bruke munnbind i dei høva det ikkje er mogleg å halde éin meters avstand til andre. Dette gjeld òg om ein nyttar kollektivtransport.