Gult er kult:

Påskefint inne og ute

– Hugs også å gi ei merksemd til dei du ikkje kan besøke i år. Det er mange som sit aleine i denne påska, seier dagleg leiar Linda Torjuul hos Stranda Blomster.

Stranda Blomster: Blomsterdekoratør Tonje Bjørklund anbefaler tulipanar og påskeliljer både inne og ute.  Foto: Randi Ansok

Nyhende

Denne påska vil mange vere heime grunna koronarestriksjonar. Då er det viktig å gjere det litt ekstra fint og koseleg både inne og ute. Det er ikkje mykje som skal til for å kome i påskehumør, og gul er ein farge som mange forbind med påske.