Nytt show og turne på gang:

Are Kalvø med musikk attåt

Med sitt nye show «Toppar VG-lista», tek Are Kalvø oss med på ei musikalsk reise gjennom dei siste 50 åra.

Opplada: Are Kalvø har lada opp eit år og er no klar for både show og turne.  Foto: Eirik Malmo

Nyhende

– Eg har laga ei ny førestilling. Den heiter «Toppar VG-lista», og handlar om popmusikken og meininga med livet. Det blir artig.Det blir tull. Det blir vitsar. Det blir parodiar. Det blir store tema. Det blir song og dans, skildrar Are Kalvø sitt nye show på si eiga Facebookside.