Opnar fleire filialer langs Storfjorden

Geiranger Bakeri opnar fleire utsal

– Vi håpar lokalbefolkninga og tilreisande vil sette pris på produkta våre, seier prosjektansvarleg Anders Adolfsson.

Travle dagar: Frå venstre: Gaute Myhre Holen, Kjetil Bolstad Bjørdal og Anders Adolfsen  Foto: Frank Kjøde

Nyhende

Geiranger Bakeri satsar stort og skal opne fleire bakeriutsal i vårt distrikt framover. I dag har Geiranger Bakeri utsalg både i Langevåg, Volda og i Ålesund, men no skal dei også etablere seg fleire stadar. Prosjektansvarleg Anders Adolfsson, tidlegare kokk på Stranda Hotel, trur mange vil sette pris på dette tilbodet.