Ikkje Durant, men Nash

I fredagsutgåva av Nyss om gamle bilete skreiv Atle Grebstad Eliassen mellom anna om ein bil som var avbilda framfor Fjellseter Turisthytte som han trudde var ein Durant, men som viste seg å vere ein Nash.

Nash: Karl Ramstad sin Nash frå 1931 framfor Fjellseter Turisthytte.   Foto: Privat

Nyhende

Det var Jack Kjølås og Kjell Jarle Gjerde, begge ivrige veteranbilentusiastar, som straks var frampå, og kunne forklare kvifor det ikkje var ein Durant, men derimot ein Nash som stod fint parkert med sine passasjerar framfor Fjellseter Turisthytte som Ole T. Lied (1883–1960) fekk bygd. Forklaringa er like enkel som den er vanskeleg. I gamle dagar var det slik at bilnummeret følgde eigaren, men ikkje bilen. Dermed kan ein bli noko villfaren når ein blar seg gjennom bilboka frå 1930. Jack er klar på at bilen er ein 1931-modell Nash type 898. Bilen er utstyrt med to ekstra klappsete, noko som gjer at bilen får nemninga 7-setar.